Kvinner over heile verda i bønn for Filippinane

Fredag 3. mars blir samla kvinner over heile verda til bønn i samanheng med Kvinnenes internasjonale bønnedag.

Av: KPK.no / Tollef Byrkjedal (28.02.2017)

 

Bønnedagen, som starta i USA i 1887 med ei felles bønnesamling der forskjellige kyrkjesamfunn deltok, har utvikla seg og er i dag verdsomspennande. I dag har meir enn 170 land og regionar eigne komitéar for bønnedagen. I Noreg starta slike samlingar i slutten av 1920 -åra.

 

I år vert det sett fokus på dei filippinske kvinnene sin situasjon. Programmet for 2017 er laga av bønnedagskomitéen på Filippinane og prosjektet har fått namnet «Gjer eg deg urett?»

 

Traumebehandling

Pengane som blir samla inn vil gå til traumebehandling, seier pressekontakt Bjørn Håkon Hovde i Det norske bibelselskap.

 

– På Filippinane kan psykiske traume ofte vere anten naturkatastrofar som tyfonar, dødsfall i familien eller vald. Trass i intensiv innsats frå styresmakter og frivillige organisasjonar, har vald mot kvinner auka med 500 % dei siste 18 åra på Filippinane, seier Hovde.

 

– I samanheng med Kvinnenes Internasjonale Bønnedag ønskjer derfor Bibelselskapet i landet å hjelpe kvinner som slit med traume, seier han.

Innan utgangen av 2019 skal prosjektet gi opplæring til over seks tusen kursleiarar som igjen skal halde kurs for 77.000 kvinner som lir av traume.

 

Deler ut biblar

Alle kvinner som deltek får sin eigen bibel, i håp om at Guds Ord kan bli det faste følgja deira etter kvart som dei går gjennom lækjedomsprosessen, opplyser Hovde.

 

– Det er ønsket vårt at desse kvinnene skal få oppleve trøyst og tryggleik, slik at dei etter kvart kan leve eit vanleg liv og igjen delta i samfunnet på lik linje med andre menneske.

 

Ein del av dei innsamla midlane vil i tillegg gå til prosjekt Esther i Kamerun. Dette prosjektet hjelper unge mødrer som har vore utsett for seksuelle overgrep.

 

Markering i Kristiansand

I Kristiansand vil bønnedagen bli markert i Lund Krike, med ei samling fredag 3. mars, klokka 18:00. Diakon Tone Benestad talar, og det vert song av KIA gospelkor, med Tone Østby og Elsebeth Lütcherath på cello og piano/orgel.

  • Publisert
Klokken Program
00:00 Sang og musikk for kvelden
01:00 Stillhet
02:00 Stillhet
03:00 Stillhet
04:00 Stillhet
05:00 Stillhet
06:00 Sangene og musikken som gir deg den gode starten på dagen
07:00 Morgentoner
Sendes på DAB+
Studio 3,16
Sendes på
FM 101,2
08:00 Morgentoner
Sendes på DAB+
Studio 3,16
Sendes på
FM 101,2
09:00 God Hverdag
Sendes også på FM101,2
10:00 Formiddagen
Fra Radio Evangeliets Røst
11:00 Sanger Vi Aldri Glemmer
Opplesningsserie
12:00 Lys over ordet
13:00 Misjon & Musikk
Sendes også på FM101,2
14:00 Misjon & Musikk
Sendes også på FM101,2
15:00 Vitalitet
16:00 Troens Menn
17:00 Veien Gjennom Bibelen
18:00 Reprise av Formiddagen
Fra Radio Evangeliets Røst
19:00 Reprise av God Hverdag
20:00 Sanger Vi Aldri Glemmer
Opplesningsserie
Sendes også på FM101,2
21:00 Lys Over Ordet
Vindu Mot Livet
22:00 Sang og musikk for kvelden
23:00 Sang og musikk for kvelden
24:00 Sang og musikk for kvelden

 

 

Kontakt

Telefon

381 45 100

E-post

post@gimra.no

Adresse

Postboks 410
Lundsiden,
4604 Kristiansand

Besøksadresse

Gimlekollen Mediesenter
Bergtoras vei 120

Gimlekollen Radio er med i GodRadio, medlem av Norsk 
Lokalradioforbund og medlem av Kristent Radioforum.

Vil du gi din støtte til Gimlekollen Radio?

Kontonummer: 3000.32.22868

webløsning utviklet av mWEB